Årets fjerde Norgescupritt var Furusjøen Rundt med start og mål ved Rondablikk Høgfjellshotell. Ei beinhard løype som skiller menn frå mus.

Den kan eigentleg delas i to deler. Første del går på tøff høgfjellsti, både steinete knot og lynraskt flyt, og alt i mellom. Andre del startar med ein knallhard lang grusbakke opp frå Kvam sentrum og raske grusvegar og stiar tilbake mot mål. Så løypa har alt, og etter mi meining ei av veldig få ordentlege maratontrasear i Norge. Arrangøren hadde også tatt steget og oppgradert til UCI status for å komme på UCI si terminliste. Bra insj av arrangøren, og ein fin start for å få til eit bra internasjonalt ritt etterkvart. Nokre utlendingar var til start i år, men dei fekk nok eit litt for hardt møte med norsk høgfjellsterreng.. Trass i at dei har sterke meritter frå tidlegare er det ikkje berre berre å finne flyten og rytmen for å få det til å gå fort i eit uvant terreng. Vonleg kjem både dei og andre utanlandske rytterar tilbake neste år og lagar tøff konkurranse!

For min eigen del var eg sugen på eit bra resultat her. Eg har køyrt rittet to gonger før, sist i 2014 då det var NM. Har beherska underlaget tåleg bra, sjølv med halvdempar som må seias å vera ei klar ulempe i denne løypa. Så eg var litt spent på korleis eg kunne gjer det med fulldempa sykkel for første gong. Eg lada opp med seks dagars influensa, men rakk å bli frisk ei veke før start. Frisk, men dog ikkje spesielt sprek, så det var berre å dunke så mange solide treningsturar av typen 5-6-7 timars som mogleg den siste veka for å komme litt inn i det igjen. Det kan slå begge vegar. Anten går det bra og eg finn fort att formen igjen, eller så går det dårleg og eg blir sjuk att. Denne gongen gjekk det bra :)

I nevnte første del blei det tidleg ein tetkvartett med Fredrik Haraldseth, Ole Hem, Tor Halvor Bjørnstad-Tuveng og meg. Eg gav frivillig nokre småluker oppover for å ikkje køyre meg på meg for stive bein for tidleg, og så gav eg ufrivillig nokre småluker nedover då Fredrik og Ole køyrer desse tekniske utforkøyringane betre enn meg. Prøvde å disponere kreftene godt, då eg av erfaring visste at rittet frå nede i Kvam sentrum og opp til mål ville bli veldig hardt. I bånn av siste stigning før den lange utforkøyringa ned mot Kvam var det kun Fredrik, Ole og meg i teten. Ein solid stigning på sti, før det bikker bratt utfor. Eg vurderte å hive meg inn først for å kunne vere først over toppen og på stien nedover mot Kvam i frykt for å bli fråkøyrd nedover. Men kom fram til at det ville vera feigt. Om eg ikkje kunne holde nokolunde følgje nedover så syntes eg heller ikkje eg ville fortjene ein evt. siger. Så her var det berre å halde farten til dei to gutta foran så godt eg kunne. Ole køyrde først nedover, med Fredrik og meg like bak. I bånn var Ole rundt 15 sek foran Fredrik og meg, noko eg var godt nøgd med! Deretter venta ei 20min lang bratt grusklatring med sola steikande rett på. Eg håpa at eg skulle utlikne farten Ole hadde oppover og ta han inn då det flata ut på toppen, men det klarte eg ikkje. Istaden seig han frå meg omtrent like mykje som eg seig frå Fredrik. Så herfrå og inn til mål vart me syklande åleine. Det trur eg gjaldt dei fleste startande.
Såg ein rytter med raud trøye foran meg då det var rundt 15km igjen, og eg tok sakte, men sikkert innpå. Men eg vart ganske skuffa då eg etterkvart såg at dette ikkje var Ole, men ein rytter i masterklassa som sykla ein kortare distanse.. Då gjekk futten litt utav meg og eg hadde nok med å komme meg i mål og sikre andreplassen. Det gjekk forøvrig med god margin og eg holdt statistikken min på dette rittet. På alle mine tre deltakelsar har eg blitt nr to :-p

Eg kunne ikkje sjå korleis eg kunne gjort noko annleis, så eg var godt nøgd med rittet mitt. Eg gjorde ingen store feil, og min Birk Attack funka perfekt. Det eg derimot ikkje kan fatte er korleis eg klarte å køyre det rittet her, ca like fort, med kun demper foran tidlegare... må vera alderen eller noko :-)

Lars Granberg