Dagane etter Terrengsykkelrittet var tunge. Eg brukte lang tid på å komme meg, og det hjalp ikkje med litt for lange dagar på jobb heller. Normalt er eg nokså fit for fight igjen to dagar etter eit ritt, men no brukte eg både fire og fem dagar før eg kjente meg nokolunde normal.

Men eg hadde veldig lyst å vera med på Hårfagrerittet så det måtte eg berre få til uansett. Alltid kjekt å sykle ritt så nærme heimebane som eg kan komme! Løypa hadde også fått ein fin oppgradering, og nye stipartier var lagt til. Ikkje lange, men nok til at løypa blei endå meir underholdane og variert, for alle. Ut frå start var beina noko seige, men eg tenkte det ville komme seg etter kvart. Første 20min er gjekk på litt smal grusveg, men laust toppdekke. Lettsykla, men faktisk veldig krevande å halde god fart i svingar då det er vanskeleg å finne feste. På dette strekke var alle samla. Då me kom til første stipartiet sørga eg for å vera først inn på stien, slik at eg kunne køyre så fort eg ville. Plumpa ut frå stien med rundt 50 meters luke, og då var det berre å køyre. Korte stiparti kom som perler på ei snor, og eg auka ledelsen for kvart parti. Dermed blei eg syklane åleine resten av løypa og heilt til mål. Den gode følelsen i beina kom eigentleg aldri, men eg tenkte det var pga varmen. Sidan eg vann med 4-5 minutt kunne det jo ikkje vera heilt elendig heller, men det var langt frå noko toppform å kjenne på.

Med første Norgescupritt på planen ei veke etter dette måtte noko gjeras for å finne godfølelsen i beina igjen. Tok sykkelfri måndag og tysdag, før eg sykla ein relativt hard 6-timars tur onsdag. Som venta var det null respons på dei innlagte bakkedraga. Det var rett og slett blytungt. Ofte er det slik om ein tar ei par dagar av sykkelen. Fredag drog eg nedover til Bryne der me skulle overnatte. Sykla eit par rundar i stipartiet i Njåskogen, noko som kjentes «sånn passe» ut.. Eg var forberedt på at beina ikkje ville vera heilt konge no heller. Men heldigvis er Nordsjørittet MTB Maraton eit langt ritt, så om beina ikkje var der frå start kunne dei absolutt komme undervegs!

Starten gjekk, og Swix-HardRocx og Coop var dei dominerande første 25km, med nokre bruddforsøk. Det sprakk opp litt i bakken opp til første stiparti men ikkje meir enn at eg tenkte det ville samle seg til ei tetgruppe etterpå. Det gjorde det vel også, men utan at eg var der.. For eg stod i vegkanten og plugga dekket etter å ha dratt på meg ein sideveggsrift i stipartiet. Og så med nesten 9 mil igjen då! Må innrømme eg tok eit halv minutts betenkningstid for om eg skulle gidde å fortsette eller ikkje. Det endte med at eg fortsatte, heilt sist og allereie over fire minutt bak teten. Ville gjerne ha ei lang gjennomkøyring før NM neste helg. Det blir ikkje heilt det same å køyre åleine, men det er uansett betre enn ingenting. Det blei litt langdryge mil på asfalt og grus (for det er det dette rittet stort sett består av..) men eg kom då i mål til slutt. Plukka nokre plassar etter kvart og endte på 9. plass. Ikkje akkurat noko plassering å skryte av, men eg synes eg skal ha for moralen, for ein gong skyld :)

Beina løsna litt etter kvart, og det var litt godt å kjenne, så eg er optimistisk foran kommande helgs NM i Birkeland. Det blir eit knallhardt ritt, og vårsesongens høgdepunkt! Forhåpentlegvis er formen stigande og eg kan sykle for å komme på pallen! Og kan ein komme på pallen kan ein også vinne… :)

- Lars