Så stod årets NM for tur. Vårsesongens høgdepunkt etter mi meining. Birkeland IL stod for ei knallhard løype med sitt "Å i Heiane", som etterkvart har blitt eit klassisk terrengritt, med stadig nye stipartier. Dei har hatt NC fleire år, seinast i fjor, men eg køyrte løypa i si heilhet onsdag før start sjølv om eg hadde sykla dei fleste partiene tidlegare år. Det gir alltid litt ekstra trygghet på forehand når eg har sykla gjennom alt først.

Eg merka eg var mykje meir "på" og tent til dette enn til Nordsjørittet helga før. Då blir automatisk beina betre også. Kunne det bli medalje?!

Opp første bakke gjekk det i kontrollert fart. Fleire hadde nok litt respekt for distansen, då vinnartida nok ville dra seg opp mot fire timar. Ut frå første stiparti blei det danna ei tetgruppe på seks rytterar. Ole Hem, Fredrik Haraldseth, Thomas Engelsgjerd, Emil Hasund Eid, Sigurd Mellemsæter og meg. Vidar Mehl køyrte seg på sedvanleg vis opp til oss ila løypas lengste grusparti, men måtte dessverre sleppe, ilag med Thomas, då det blei køyrt knallhardt på påfølgane stiparti.

Oss fore andre vart køyrande saman og eg syntes farten var farleg høg, men ikkje verre enn at det gjekk. Håpet var at de andre syntes det samme!

Det var oss fire i teten i litt over to timar. I ei teknisk, bratt kneik måtte eg gi nokre meter til trioen Emil, Ole og Fredik, og då var det gjort. Eg håpa at dei hadde satt litt meir syre i beina på seg sjølv enn eg hadde, og at eg skulle komme meg opp igjen etterpå, men den gong ei...

Hadde følge av Mellemsæter eit stykke før det blei åleinesykling siste halvanna timen til mål. Einaste håpet som kunne redde medaljen var ein sprekk frå ein av dei foran, men det skjedde ikkje. Så då blei det ein hederlig, men noko kjedelig fjerdeplass! Same plassering som i fjorårets NM. Jaggu var det ikkje dei same tre foran meg også, berre litt omrokkering på plassane.

Ole vann fortjent, med Emil og Fredrik på andre og tredje, grattis!

- Lars